11 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk.
12 Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.
13 Eg vil ikkje at de skal vera uvitande, mine sysken, om at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. For òg hos dykk ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, slik som hos dei andre folka.
14 Grekarar og barbarar, lærde og ulærde – alle står eg i gjeld til.
15 Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet òg for dykk i Roma.
16 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.
17 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.