14 Grekarar og barbarar, lærde og ulærde – alle står eg i gjeld til.
15 Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet òg for dykk i Roma.
16 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.
17 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.
18 Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett.
19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei; Gud har sjølv lagt det ope fram.
20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å unnskylda seg med.