21 Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte.
22 Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap.
23 Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr.
24 Dei følgde lystene i hjartet, difor overgav Gud dei til ureinskap slik at dei vanæra kroppen sin med kvarandre.
25 For dei bytte ut Guds sanning med løgn og dyrka og æra det skapte i staden for Skaparen, han som er velsigna i all æve. Amen!
26 Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen.
27 På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.