23 Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr.
24 Dei følgde lystene i hjartet, difor overgav Gud dei til ureinskap slik at dei vanæra kroppen sin med kvarandre.
25 For dei bytte ut Guds sanning med løgn og dyrka og æra det skapte i staden for Skaparen, han som er velsigna i all æve. Amen!
26 Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen.
27 På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.
28 Dei brydde seg ikkje om å kjenna Gud, difor overgav Gud dei til ei sviktande dømmekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg.
29 Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder