29 Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder
30 og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra.
31 Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn.
32 Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.