6 Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.
7 Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
8 Først av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda blir det fortalt om trua dykkar.
9 Gud sjølv, som eg av heile mitt hjarte tener med evangeliet om Son hans, er mitt vitne på korleis eg uavlateleg hugsar på dykk i bønene mine.
10 Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil.
11 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk.
12 Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.