10 Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste.
11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme.
12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.
13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.
14 Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?
15 Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod!
16 Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?