17 Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.
18 Har dei ikkje høyrt, spør eg då. Jau, sanneleg: Deira røyst har nådd ut over heile jorda, orda dit verda endar.
19 Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Først seier Moses: Eg vil gjera dykk sjalu på dei som ikkje er eit folk, på eit uvitug folk gjer eg dykk rasande.
20 Og Jesaja går så langt at han seier: Eg vart funnen av dei som ikkje søkte meg, eg openberra meg for dei som ikkje spurde etter meg.
21 Men om Israel seier han: Heile dagen rette eg ut mine hender til eit ulydig og trassig folk.