1 No spør eg: Har Gud støytt ifrå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins stamme.
2 Gud har ikkje støytt ifrå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med skuldingar mot Israel?
3 «Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»
4 Men korleis lyder det guddomlege svaret han får? «Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygd kne for Baal.»
5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.