11 Så spør eg: Snubla dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane bli misunnelege på dei.
12 Når deira fall har ført til rikdom for verda, og deira tap har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?
13 No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt,
14 i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei.
15 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død!
16 Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.
17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.