14 i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei.
15 Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død!
16 Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.
17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.
18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.
19 No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.»
20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!