16 Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg.
17 Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei.
18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg.
19 No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.»
20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!
21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.
22 Sjå då kor god Gud er, og kor streng – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til han som er god. Elles blir du òg avhoggen.