25 Eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, sysken, så de har for høge tankar om dykk sjølve: For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal.
26 På den måten skal heile Israel bli frelst, som det står skrive: Frå Sion skal redningsmannen koma, han skal rydda gudløysa bort frå Jakob.
27 Dette er mi pakt med dei når eg tek bort syndene deira.
28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, slik at de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld.
29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.
30 De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige.
31 På same vis har dei no vore ulydige, for at den miskunn de har fått, skal føra til at dei òg no får miskunn.