3 «Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.»
4 Men korleis lyder det guddomlege svaret han får? «Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygd kne for Baal.»
5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.
6 Men er det av nåde, då er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden lenger nåde.
7 Kva så? Det Israel søkjer, har dei ikkje oppnådd, men dei utvalde har oppnådd det. Dei andre har vorte forherda,
8 som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløv ånd, auge som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer, heilt til denne dag.
9 Og David seier: Lat bordet deira bli ei snare og ei felle, ein snublestokk og ei straff for dei.