4 Men korleis lyder det guddomlege svaret han får? «Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygd kne for Baal.»
5 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut.
6 Men er det av nåde, då er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden lenger nåde.
7 Kva så? Det Israel søkjer, har dei ikkje oppnådd, men dei utvalde har oppnådd det. Dei andre har vorte forherda,
8 som det står skrive: Gud har gjeve dei ei sløv ånd, auge som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer, heilt til denne dag.
9 Og David seier: Lat bordet deira bli ei snare og ei felle, ein snublestokk og ei straff for dei.
10 Lat auga deira formørkjast så dei ikkje kan sjå, og lat ryggen deira for alltid vera bøygd.