15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt.
16 Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!
17 Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske.
18 Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg.
19 Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren.
20 Men: Er fienden din svolten, så lat han få mat, er han tørst, så gjev han drikke. Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.
21 Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!