2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han.
4 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.
5 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre.
6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua;
7 den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,
8 og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.