10 Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfylling av lova.
11 Dessutan veit de kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua.
12 Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til.
13 Lat oss vandra sømeleg, som på lyse dagen, ikkje i festing og fyll, ikkje i hor og utskeiing, ikkje i strid og misunning.
14 Men kled dykk i Herren Jesus Kristus, og ha ikkje slik omsorg for kroppen at det vekkjer lyster.