2 Den som set seg opp mot styresmakta, står difor imot det Gud har fastsett, og dei som gjer det, skal få sin dom.
3 For dei som styrer, skaper ikkje frykt hos den som gjer det gode, men hos den som gjer det vonde. Vil du sleppa å vera redd styresmakta? Gjer det som godt er, og du skal få ros.
4 For styresmakta er Guds tenar, til beste for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd. Styresmakta ber ikkje sverdet utan grunn, men er Guds tenar som set hans vreidedom i verk over den som gjer det vonde.
5 Difor må de vera lydige, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet.
6 Det er òg grunnen til at de betaler skatt. For styresmaktene er Guds tenarar, og dei er sette til å ta hand om slike ting.
7 Gjev alle det du skuldar dei: Betal skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha respekt for den som har krav på respekt, gjev ære til den de skuldar ære.
8 Ha inga skuld til nokon, anna enn det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova.