6 Det er òg grunnen til at de betaler skatt. For styresmaktene er Guds tenarar, og dei er sette til å ta hand om slike ting.
7 Gjev alle det du skuldar dei: Betal skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha respekt for den som har krav på respekt, gjev ære til den de skuldar ære.
8 Ha inga skuld til nokon, anna enn det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova.
9 For boda: du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, eller kva anna bod det skal vera, dei samlar seg til eitt i dette: Du skal elska nesten din som deg sjølv.
10 Kjærleiken gjer ikkje noko vondt mot nesten. Difor er kjærleiken oppfylling av lova.
11 Dessutan veit de kor langt det lid: Timen er komen då de må vakna opp av søvnen, for frelsa er oss nærare no enn då vi kom til trua.
12 Natta lid, og det stundar mot dag. Lat oss difor leggja bort dei gjerningane som høyrer mørkret til, og kle oss i den rustning som høyrer lyset til.