12 Så skal då kvar og ein av oss leggja fram sin eigen rekneskap {{for Gud}}.
13 Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin eller syster si til å snubla og falla.
14 I Herren Jesus veit eg sikkert og visst at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint.
15 Gjer du bror din eller syster di sorg med maten du et, då går du ikkje fram med kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din.
16 Lat ikkje det gode de eig, bli til spott.
17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den heilage ande.
18 Den som tener Kristus på denne måten, han er til glede for Gud og får respekt mellom menneske.