17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den heilage ande.
18 Den som tener Kristus på denne måten, han er til glede for Gud og får respekt mellom menneske.
19 Lat oss difor streva etter det som fører til fred og til oppbygging oss imellom!
20 Riv ikkje ned Guds verk av omsyn til mat. Visst er alt reint, men om eit menneske et noko slik at det blir årsak til fall, då er det av det vonde.
21 Det er rett å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko anna som fører bror din til fall.
22 Den tru du har, skal du halda for deg sjølv, for Guds andlet. Sæl er den som ikkje dømmer seg sjølv på grunn av det han vel å gjera.
23 Men den som et med tvil, han er dømd fordi han ikkje gjer det i tru. Alt som ikkje er av tru, er synd.