6 Den som set ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud.
7 For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv.
8 Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.
9 Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre over både levande og døde.
10 Men du, kvifor dømmer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol,
11 for det står skrive: Så visst som eg lever, seier Herren, for meg skal kvart kne bøya seg, og kvar tunge skal vedkjennast Gud.
12 Så skal då kvar og ein av oss leggja fram sin eigen rekneskap {{for Gud}}.