1 Vi som er sterke, må bera veikskapen til dei veike og ikkje tenkja på oss sjølve.
2 Kvar og ein av oss skal tenkja på kva som er til beste for nesten, og gjera det som tener til oppbygging.
3 For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv. Slik det står skrive: På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
4 Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få håp gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.