15 Likevel har eg nokre stader skrive nokså ope og direkte for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg:
16 at eg skal vera Kristi Jesu tempelprest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan bli ei offergåve til glede for Gud, helga ved Den heilage ande.
17 I Kristus Jesus kan eg vera glad og stolt over denne tenesta for Gud.
18 Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort gjennom meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning,
19 ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg fullført forkynninga av Kristi evangelium vidt omkring, frå Jerusalem og heilt til Illyria.
20 Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt,
21 men som det står skrive: Dei som ikkje har fått bodskapen om han, skal sjå, og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.