17 I Kristus Jesus kan eg vera glad og stolt over denne tenesta for Gud.
18 Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort gjennom meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning,
19 ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg fullført forkynninga av Kristi evangelium vidt omkring, frå Jerusalem og heilt til Illyria.
20 Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt,
21 men som det står skrive: Dei som ikkje har fått bodskapen om han, skal sjå, og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.
22 Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk.
23 Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk