2 Kvar og ein av oss skal tenkja på kva som er til beste for nesten, og gjera det som tener til oppbygging.
3 For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv. Slik det står skrive: På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.
4 Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få håp gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.
5 Må Gud sjølv, som gjev tolmod og trøyst, gje dykk alle same sinn etter Kristi Jesu vilje.
6 Då kan de samstemde og med éin munn prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far.
7 Ta difor imot kvarandre slik Kristus tok imot dykk, til Guds ære.
8 For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk,