26 Forsamlingane i Makedonia og Akaia har sagt at dei vil samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem.
27 Det vil dei gjerne gjera; dei står òg i gjeld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med materielle gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver.
28 Når eg har fullført dette og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, då reiser eg til Spania og legg vegen om dykk.
29 Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.
30 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.
31 Be om at eg må bli berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg kjem med.
32 Då kan eg, om Gud vil, koma til dykk med glede og få kvila ut saman med dykk.