30 Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.
31 Be om at eg må bli berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg kjem med.
32 Då kan eg, om Gud vil, koma til dykk med glede og få kvila ut saman med dykk.
33 Fredens Gud vere med dykk alle! Amen.