9 men òg for at heidningfolka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive: Difor vil eg prisa deg mellom folka og lovsyngja ditt namn.
10 Og ein annan stad heiter det: Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!
11 Og endå ein annan stad: Lovsyng Herren, alle folk, pris han, alle folkeslag!
12 Og Jesaja seier: Isais rotskot skal koma, han som reiser seg og rår over folka, til han skal folkeslaga setja si von.
13 Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.
14 Eg har den tru om dykk òg, mine sysken, at de er fylte av det gode, og at de har kunnskap nok, så de òg kan rettleia kvarandre.
15 Likevel har eg nokre stader skrive nokså ope og direkte for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg: