1 Eg vil leggja inn eit godt ord hos dykk for Føbe, syster vår; ho er ein diakon frå forsamlinga i Kenkreæ.
2 Ta imot henne i Herren som det sømer seg for dei heilage. Stå til teneste for henne i alle oppgåver der ho kan trenga hjelp av dykk. For sjølv har ho vore til hjelp for mange, også for meg.
3 Hels Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristus Jesus.
4 Dei la halsen på blokka for å berga livet mitt, noko ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne forsamlingane vil takka dei for.
5 Hels òg forsamlinga som kjem saman i huset deira. Hels min kjære Epainetos, han som er den første frukta for Kristus i Asia.
6 Hels Maria, som har arbeidd og slite så mykje for dykk.
7 Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg.