7 Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg.
8 Hels Ampliatus, min kjære ven i Herren.
9 Hels Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys.
10 Hels Apelles, som er vel prøvd i Kristus. Hels alle hos Aristobolos.
11 Hels Herodion, landsmannen min. Hels alle hos Narkissos som høyrer Herren til.
12 Hels Tryfena og Tryfosa, som arbeider hardt for Herren. Hels den kjære Persis, som har arbeidd så mykje for Herren.
13 Hels Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg.