1 Difor har du ikkje noko å unnskylda deg med, du menneske som dømmer, kven du så er. Når du dømmer ein annan, fordømmer du deg sjølv. For du som dømmer, gjer sjølv det same.
2 Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som driv med slikt.
3 Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom?
4 Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?
5 Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom.
6 Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: