16 Dette skal bli klårt den dagen Gud ved Jesus Kristus dømmer det løynde i menneska, etter det evangeliet eg har forkynt.
17 Og du som kallar deg jøde: Du stolar på lova og er stolt av din Gud,
18 du kjenner hans vilje og kan dømma om kva som er viktig, fordi du er opplærd i lova.
19 Du er sikker på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit lys for dei som er i mørker,
20 ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga i si rette form.
21 Du som vil læra andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du?
22 Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som ser på avgudane med avsky, plyndrar du templa deira?