19 Du er sikker på at du kan vera ein vegvisar for blinde, eit lys for dei som er i mørker,
20 ein oppsedar for uvituge og ein lærar for umyndige, ettersom du i lova har kunnskapen og sanninga i si rette form.
21 Du som vil læra andre, lærer du ikkje deg sjølv? Du som forkynner at ein ikkje skal stela, stel du?
22 Du som seier at ein ikkje skal bryta ekteskapet, bryt du ekteskapet? Du som ser på avgudane med avsky, plyndrar du templa deira?
23 Du som er så stolt av lova, du vanærar Gud når du bryt lova.
24 For dykkar skuld blir Guds namn spotta mellom heidningane, som det står skrive.
25 Omskjeringa er nok til gagn for deg om du held lova. Men bryt du lova, er du som ein uomskoren.