26 Men om ein som er uomskoren, held lovboda, skal ikkje han då reknast som omskoren, endå han ikkje er det?
27 Den som er uomskoren fysisk, men held lova, skal dømma deg. For endå du er omskoren og har lova i bokstavleg form, så bryt du lova.
28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje det som er gjort i det ytre, på kroppen.
29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjartet, ved Anden, ikkje etter bokstaven. Han får ikkje ros av menneske, men av Gud.