3 Men når du, menneske, dømmer dei som gjer dette, og sjølv gjer det same, meiner du då at du skal sleppa unna Guds dom?
4 Eller foraktar du at han er grenselaust god, tolmodig og langmodig? Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?
5 Med ditt harde hjarte som ikkje vil venda om, hopar du opp vreide over deg til vreidedagen, når Gud openberrar sin rettferdige dom.
6 Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort:
7 Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv.
8 Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som er ulydige mot sanninga og lèt seg leia av uretten, har vreide og harme i vente.
9 Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar.