9 Naud og angst skal koma over kvart menneske som gjer det vonde, jøde først og så grekar.
10 Men herlegdom, ære og fred skal den få som gjer det gode, jøde først og så grekar.
11 For Gud gjer ikkje forskjell på folk.
12 Alle som synda utan lova, skal gå fortapt utan lova. Og alle som synda under lova, skal dømmast etter lova.
13 For det er ikkje dei som høyrer lova, som er rettferdige for Gud. Nei, dei som gjer det lova seier, dei skal han rekna som rettferdige.
14 For når heidningane, som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova.
15 Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarta deira. Samvitet deira vitnar òg om det, når tankane deira anten skuldar dei eller forsvarar dei.