1 Kva fordel har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?
2 Mykje, på alle måtar! Først og fremst det at Guds ord vart tiltrudd dei.
3 Men kva så om somme av dei har vore trulause? Kan deira truløyse oppheva Guds truskap?
4 Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein løgnar. For det står skrive: Så du skal få rett når du talar, og vinna når du fører sak.
5 Men om vår urett endå klårare viser Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er ikkje då Gud urettferdig, menneskeleg tala, når han lèt vreiden koma over oss?
6 Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna dømma verda?
7 Men om mi løgn endå klårare viser at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømmast som ein syndar?