11 Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud.
12 Alle er komne på avveg, alle er dei forderva. Det finst ikkje éin som gjer det gode, ikkje ein einaste.
13 Ei open grav er strupen deira, på tunga ligg falske ord, under leppene ormegift,
14 munnen er full av forbanning og harde ord.
15 Lette er dei på foten når dei vil ausa ut blod,
16 der dei fer, er det øydelegging og naud,
17 og freds veg kjenner dei ikkje.