10 Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren.
11 Og omskjeringa fekk han til eit teikn som skulle stadfesta den rettferda av tru som han hadde før han vart omskoren. Slik skulle han bli far til alle uomskorne som trur, så dei kan reknast som rettferdige.
12 Men han skulle òg bli far til dei omskorne når dei ikkje berre har omskjeringa, men òg følgjer etter Abraham, far vår, og eig den trua han hadde før han vart omskoren.
13 For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru.
14 Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua utan meining og lovnaden sett ut av kraft.
15 For lova kallar fram vreide, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot.
16 Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile etterslekta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. For han er far for oss alle,