2 Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å vera stolt av. Men det har han ikkje for Gud.
3 For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.
4 Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde.
5 Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege. Han blir rekna som rettferdig fordi han trur.
6 Slik prisar òg David det mennesket sælt som Gud reknar som rettferdig utan at det har gjerningar:
7 Sæle er dei som har fått sine brot tilgjevne og sine synder tildekte.
8 Sælt er det mennesket som Herren ikkje tilreknar synd.