4 Den som gjer eit arbeid, får løn etter forteneste, ikkje av nåde.
5 Annleis er det med den som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer den ugudelege. Han blir rekna som rettferdig fordi han trur.
6 Slik prisar òg David det mennesket sælt som Gud reknar som rettferdig utan at det har gjerningar:
7 Sæle er dei som har fått sine brot tilgjevne og sine synder tildekte.
8 Sælt er det mennesket som Herren ikkje tilreknar synd.
9 Dei som her blir prisa sæle, er det berre dei omskorne eller er det dei uomskorne òg? Vi sa at Abraham vart rekna som rettferdig fordi han trudde.
10 Korleis gjekk det til? Var det før eller etter at han vart omskoren? Det var før han vart omskoren.