1 Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.
2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom.
3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,
4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.
5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.
6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.