3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande,
4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp.
5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.
6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus for ugudelege då tida var inne.
7 Knapt nok vil nokon gå i døden for ein rettferdig mann – endå det kan vel henda at nokon vågar livet for ein som er god.
8 Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.
9 Når vi no har vorte rettferdiggjorde ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han bli frelste frå vreiden!