1 Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større?
2 Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne?
3 Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans?
4 Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv.
5 Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.