19 eg bruker eit bilete frå dagleglivet sidan de er veike, av kjøt og blod. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for det ureine og det urette, og det førte berre til urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for rettferda, så de kan bli heilage.
20 Medan de var slavar under synda, var de frie frå det som er rett.
21 Kva slags frukter hausta de av det? Slike som de no skammar dykk over, for dei fører til døden.
22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud, og frukta er eit liv i helging, og det fører til evig liv.
23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.