2 Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne?
3 Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans?
4 Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv.
5 Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.
6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda.
7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død.
8 Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han.