1 Eller veit de ikkje, mine sysken – for eg talar då til folk som kjenner lova – at lova rår over eit menneske berre så lenge det lever?
2 Ei gift kvinne er av lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til mannen.
3 Difor kan ho kallast ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og er ingen ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan.
4 Slik er det òg med dykk, mine sysken. Gjennom Kristi kropp har de døydd bort frå lova. De høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud.
5 Då kjøtet hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden.
6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døydd frå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv i Anden, og ikkje i det gamle, etter bokstaven.
7 Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst om synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta.