14 Vi veit at lova er åndeleg, men eg er av kjøt og blod, seld som slave til synda.
15 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, det gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg.
16 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god.
17 Så er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.
18 For eg veit at i meg bur det ikkje noko godt, det vil seia i mitt kjøt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje.
19 Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.
20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.